Guida turar

Lom skifestival samarbeider med Gjendeguiden som tek deg med på guida turar fredag og laurdag. Guidane har kjennskap til fjella vi skal inn i. Dei har fjellerfaring under huda og turglede og formidlingsevne som berre ventar på å sleppe til på skifestivalen. På Lom skifestival legg vi ikkje vekt på målet, men på å gje deg ein god og lærerik tur. Vi legg turen dit den gode snøen er! Plass på guida turar er forbeholdt deltakarar med festivalpass.

Ny på randonee - INTRODUKSJON TIL RANDONNE I HØGFJELLSTERRENG

Ny på randonee - INTRODUKSJON TIL RANDONNE I HØGFJELLSTERRENG

490,-
Ønskjer du deg nytt skiutstyr til jul, men skulle gjerne testa litt før du bestemmer deg? Eller har du skiutstyr, men ønskjer å lære meir slik at turane dine blir både trygge og artige? Da er dette rette turen. På denne turen prøver vi å finne dei beste forholda slik at deltakarane får ei god innføring, og lærer grunnleggande bruk av alpint turutstyr undervegs. Roleg tempo både opp og ned! FREDAG OG LAURDAG

Skiflyt - GJER TUREN MEIR BEHAGELEG OG EFFEKTIV

490,-
Har du eit mål om å få ein meir effektiv tur til toppen, der kroppen jobbar opp mot anaerob terskel? Eller har du vore ute nokre vinterdagar før, men ønskjer å spisse teknikken og ferdighetene dine for å halde oppe tempo og framdrift? Bli med på skiflyt! På denne turen prøver vi å finne dei beste forholda slik at deltakerane får høg puls, praktiske tips og triks for effektiv ferdsel i fjellet på både opptur og nedtur. FREDAG OG LAURDAG

Ski og bre - EIN INTRODUKSJON TIL SKITUR PÅ BRE

590,-
Kva for vurderingar gjer du ved kryssing av bre på skiturane dine? Ingen, sa du? Da bør du bli med på denne turen. Kanskje er du av dei som var med på brekurs for ei god stund sidan, men som har behov for å friske opp kompetansen din? Da er dette turen for deg. Vi legg skituren til ein bre og fokuserer på trygg ferdsel og fortløpande vurderinger av forholda på breen, slik at turen blir tryggast mogleg. Kva kan vi gjere ved gjennomslag eller fall i bresprekk? Kva utstyr bør vere med? Dette er ikkje eit kurs, men ein introduksjon til viktige problemstillingar som dukkar opp når du vurderer å krysse bre på turen din. FREDAG

Ski og foto - korleis ta gode skibilde?

590,-
Dette er ikkje alltid like enkelt. Guiden vil gje deg enkel innføring i bruk av kamera, motiv og lysforhold slik at du får nye tips og kan forbetre deg. Vi brukar både dei andre gruppene og vår eige gruppe som modellar for å prøve ut teori i praksis. Ta med eige kamera, eller bruk mobilen! FREDAG OG LAURDAG

Fjellskitur - skiglede på fjellski

490,-
Har du gått ein del på ski, og likar fjellskia best? Jotunheimen byr på flott fjellskiterreng, og på denne turen kan du friske opp skiteknikken oppover og nedover, prøve telemarkssvingen eller prøve nye lette fjellski som gjer lange motbakkar til ein leik. Meld deg på denne turen HER. På denne turen prøvar vi å finne dei beste forholda slik at deltakerane får med seg både god læring, samt grunnlegjande tips og praktiske triks undervegs på turen. FREDAG OG LAURDAG
DSC_8088