Om

Lom skifestival blir arrangert av Norsk fjellsenter i Lom. Kvar november inviterer vi snøelskande og skiglade folk til å starte skisesongen saman med oss på Lom skifestival. Festivalsnøen finn vi på Sognefjellet i Jotunheimen. 

Skifestivalen i korte svingar:

Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, film, foredrag og fest!

På fjellsenteret møtest vi i morgonen før vi tek på tur, og samlast att om ettermiddagen for etterski, foredrag, film og foto. Laurdag kveld er det middag og festivalpub på Nordal, eit steinkast frå Lom. Overnatting bestiller du på Nordal eller Fossheim.

Følg arrangementet på Facebook for oppdateringar!

Har du spørsmål, må du gjerne ta kontakt med oss på info@lomskifestival.no eller  61 21 16 00.