2016

Da har vi på fjellsenteret landa etter årets skifestival. Vi seglar vidare på gode attendemeldingar frå festivaldeltakarar, og tek med oss idear til nye vrier til neste år. For det blir sjølvsagt festival neste år også! Over 100 skiglade folk kom til Lom og Norsk fjellsenter på årets skifestival. Stas! Hovudfokuset vårt er å gje rammene for at folk skal ha ein bra skifestival med turar, læring, foredrag og fest, ikkje å bli aller størst. Fredag og laurdag tok folket til fjells. Vêret synte seg med både vind og sol, white out og låge temperaturar, og innimellom tettpakka snø fanst det lommer for gode svingar. – Vi hadde ein bra tur på ski laurdag, seier Kaj Zackrisson, profesjonell skikøyrar og grunnleggjar av KASK. Han hadde òg eit foredrag laurdag kveld. – Festivalen har vore ei bra oppleving med gode foredrag, ein glad festivalgjeng og på Sognefjellet laurdag fekk eg sesongens fyrste svingar, fortel Kaj.

Ny festival i 2017

– Når folk melder seg på og er ivrige etter å starte sesongen ser vi ingen grunn til å ikkje fortsette med skifestival i november, og neste års festival blir 10.-12. november, seier festivalsjef Dag Inge Bakke. – Vi ønskjer at skifestivalen skal fortsette med den faglege basen i botn, der læring om forhold og ferdsel i fjellet er viktig, toppa med trivnad og skiglede.

Følg med for oppdatert info om 2017-festivalen! Takk til alle som kom til Lom skifestival og gjorde denne helga bra. Håper å sjå dykk att neste år!

(Alle skibilda er tekne av Johan Wildhagen/ coup.no. Andre bilde er tekne av Norsk fjellsenter.)