Lom skifestival samarbeider med Fyrst og fremst om guida turar fredag og laurdag. Guidane har kjennskap til fjella vi skal inn i. Dei har fjellerfaring under huda og turglede og formidlingsevne som berre ventar på å sleppe til på skifestivalen.
På Lom skifestival legg vi ikkje vekt på målet, men på å gje deg ein god og lærerik tur. Vi legg turen dit den gode snøen er. Plass på guida turar er forbeholdt deltakarar med festivalpass. Meld deg på i god tid slik at vi får sikra oss dei trivelegaste guidane.
Treng du å leige utstyr? Naturopplevingar har utstyr til leige. Komplett pakke med ski, sko, stavar og feller, kr 900,- pr. dag. Skredsøker med spade og søkestang kr 170,- pr. dag. Sjølbetjening av utstyr i kjelleren på Esso i Lom sentrum.
Leig skiutstyr til festivalpris!
Iver Aakre i Fyrst og Fremst leiger ut skiutstyr frå vår sponsor Salomon.
Skipakke inkluderer ski, sko, stavar, feller og skredutstyr og kostar 800,- for ein dag. Er du påmeldt guida tur med Fryst og Fremst får du heile 50% avslag, og betaler berre 400,- pr. dag for ei skipakke!
Treng du kun å leige skredutstyr, kostar det 150,-.
Ta kontakt med Iver på e-post: oppgi di høgde og vekt, skostørrelse og lengde på foten, samt dato du ynskjer å leige. NB! Med atterhald om tilgjengeleg utstyr.
