TORSDAG
19-23 / OPE HUS PÅ NORSK FJELLSENTER
Registrering og ope hus på Norsk fjellsenter. Kaffien er varmt og bålet varmar køyretrøtte kroppar. Vi sel pysje og baren er ope heile kvelden.
19-23 / KVALIFISERING SKI OR DIE KONKURRANSE
Høgteknologisk skikonkurranse for alle som vil. Finale laurdag kveld.
21.00 / SAMLING MED TURINFO
Samling på Norsk fjellsenter med informasjon om skiturane fredag. Vi får besøk av Erlend Borgen Aarsæther frå Kompetansesenter fjellredning og får høyre om ståa i redningsarbeidet og kva slags rolle skikøyrarar har om ulykka skulle vere ute.
FOTOKONKURRANSE
Hugs å #lomskifestival under festivalen. Rykta seier det blir knallfine premiar og gode sjansar for å vinne med dei beste skifestivalbilda i år.
FREDAG
FRÅ 08.00 / NORSK FJELLSENTER OPNAR
… og vi serverer morgonkaffi som kan nytast rundt bålet.
HEILE DAGEN / KVALIFISERING SKI OR DIE KONKURRANSE
Høgteknologisk skikonkurranse for alle som vil. Finale laurdag kveld.
08.30 / SAMLING
Vi samlast i turgruppene saman med guiden.
09.00 / UT PÅ TUR
Guida turar med avreise frå Norsk fjellsenter. Les om dei guida turane og bestill plass her.
FOTOKONKURRANSE
Hugs å #lomskifestival
15.00 / BÅLKOS OG ETTERTURING
Etter dagens tur samlast vi på Norsk fjellsenter til bålkos og etterturing.
15.00 / KVALIFISERING SKI OR DIE KONKURRANSE
15.00 / SUPPE OG VARM VIN
Suppe, brød frå Bakeriet i Lom og heimgjort glühwein. Suppe og brød er inkludert i festivalpasset.
17.00 / OPE UTSTILLING
Ta ein tur inn i den nyopna utstillinga FROSE I TID på Norsk fjellsenter og se verdas best bevarte forhistoriske skipar med bindingar.
17.30 / TURINFO
Vi samlast og går gjennom morgondagens turar.
18.00 / OPNING
Konferansier, friluftsentusiast Olav «snømannen» Tøfte sparkar underhaldninga i gang.
18.15 / SKIFILM OG MINIFOREDRAG
19.00 / PAUSE
19.30 / SKIFILM OG MINIFOREDRAG
20.30 / PAUSE
21.00-24.00 / KVISS OG KVELDSHYGGE
Vi deler inn i lag og leikar oss gjennom kvelden. Fine premiar til vinnarlaget.
LAURDAG
FRÅ 08.00 / NORSK FJELLSENTER OPNAR
… med morgonkaffi og fyr i peisen.
08.30 / SAMLING
Vi samlast i turgruppene saman med guiden.
09.00 / UT PÅ TUR
Felles avreise frå Norsk fjellsenter. Les meir og kjøp plass på guida tur.
16-20 / BÅLKOS OG ETTERTURING
Vi samlast på Norsk fjellsenter for bålkos og etterturing. Sal av øl og glühwein.
16-18 / SISTE SJANSE FOR KVALIFISERING TIL SKI OR DIE FINALE
17.00–18.00 / ETTERSKI MED HAGLÖFSVRI
Bli med på Haglöfs-konkurranse! Du kan bli den heldige vinnaren av ein råflott Haglöfs-premie.
18.00 / Foredrag
18.50 / PAUSE
19.00–19.30 / FINALE I SKI OR DIE!
Er du den råaste skispelaren? Eksklusive retropremiar til vinnarane.
19.30 / PREMIEUTDELING #lomskifestival
Dei beste festival- og turbilda blir kåra. Er det du som vinn ein av dei knallfine premiane frå sponsorane våre?
20.00-01.30 / FESTIVALMIDDAG MED LEVANDE MUSIKK
Vi flyttar oss over til Nordal turistsenter eit steinkast frå Norsk fjellsenter. Her blir det servert mat i toppklasse og lokal dessert. Levande musikk, stemning og pub!
SUNDAG
UT PÅ TUR?
Nokon vil sove ut eller sitte ved peisen med ein kopp kaffi. Andre vil prøve seg på Ski or die, eller koma seg ut på tur i dag igjen. Nokon vender skia heim. Norsk fjellsenter har ope utover formiddagen, men arrangerer ikkje guida turar denne dagen. Rykta seier det er særs god frukost på Fossheim hotell denne sundagen.



