Smittevern

I år må vi ta ekstra godt vare på kvarandre. Dersom du opplev symptom på krimsjuke, er i isolasjon eller karantene, må du vise omsyn til oss andre og halde deg heime. Alle som deltek på festivalen må vere friske, ha god handhygiene og halde avstand til personar utanfor eiga reisefølgje. Deltakarar med symptom på luftvegsinfeksjon, vil bli nekta åtgang.

Endringar i programmet kan kome på kort varsel dersom det blir endringar i gjeldande regler for arrangement frå Folkehelseinstituttet (FHI). Vi lagrar alle namn og telefonnummer til deltakarane i 14 dagar etter festivalen.