Festivalpass 2025

Med festivalpass får du:

  • melde deg på guida turar til vinterens fyrste snø

  • foredrag, kviss og hygge på Norsk fjellsenter

  • middag på Norsk fjellsenter fredag

  • festivalmiddag på Nordal turistsenter laurdag

  • eksklusiv festivalpub med levande musikk på Nordal turistsenter laurdag kveld

  • inngang til utstillingane på Norsk fjellsenter

  • kaffi, bål og turtips heile helga

  • Badstue ved Norsk fjellsenter fredag og laurdag

  • tilgang til leige av ski, skredutstyr og rettleiing frå lokale fjellførarar

  • gode prisar på overnatting

Arrangementa på Lom skifestival og deltaking på guida turar er berre tilgjengeleg med festivalpass.

Overnatting må bestillast separat.

Refusjon: Vi refunderer ikkje festivalpass. Om du har kjøpt festivalpass og blir sjuk eller hindra frå å kome, må du få dette dekka av eiga reiseforsikring.

Sikkerheit: Alle deltakarar er sjølve ansvarlege for eiga sikkerheit. Alle deltakarar er oppfordra til å informere om sjukdom eller plagar som kan vere relevante for å ivareta sikkerheita under den planlagde turen.

Vêr og føre: Ved utfordrande vêr- og føreforhold vil vi så langt det er råd prøve å gjennomføre arrangementet, men kan måtte gjere tilpasningar av enkelte aktivitetar. Festivalpass refunderast ikkje så lenge arrangementet blir gjennomført. Dette gjeld også om du har meldt deg på tur.

Fotografering under arrangementet: Det vil vere fotograf til stades under delar av arrangementet som tek oversiktsbilder og bilder av større grupper. Bilda vil berre bli brukt til marknadsføring av skifestivalen. Dersom fotografen ynskjer nærbilder av folk, vil det ikkje skje utan samtykke.

Kjøp festivalpass her