Turprogram

Bli med på guida tur for å finne den beste snøen og den finaste utsikta!

Guida turar

Lom skifestival samarbeider med Fyrst og fremst om guida turar fredag og laurdag. Guidane har kjennskap til fjella vi skal inn i. Dei har fjellerfaring under huda og turglede og formidlingsevne som berre ventar på å sleppe til på skifestivalen.

På Lom skifestival legg vi ikkje vekt på målet, men på å gi deg ein fin og lærerik tur. Vi legg turen dit den gode snøen er. Plass på guida turar er kun for deltakarar med festivalpass. Meld deg på i god tid slik at vi får sikra oss dei trivelegaste guidane. 

Leige utstyr?

Naturopplevingar har utstyr til leige. Komplett pakke med ski, sko, stavar og feller, kr ,- pr. dag. Skredsøker med spade og søkestang kr ,- pr. dag. Sjølbetjening av utstyr i kjelleren på Esso i Lom sentrum.

Leig skiutstyr til festivalpris! - prisar kjem etter sommaren
Iver Aakre i Fyrst og Fremst leiger ut skiutstyr frå vår sponsor Salomon.
Skipakke inkluderer ski, sko, stavar, feller og skredutstyr og kostar ,- for ein dag. Er du påmeldt guida tur med Fryst og Fremst får du heile % avslag, og betaler berre ,- pr. dag for ei skipakke!
Treng du kun å leige skredutstyr, kostar det ,-.

Ta kontakt med Iver på e-post: oppgi di høgde og vekt, skostørrelse og lengde på foten, samt dato du ynskjer å leige. NB! Med atterhald om tilgjengeleg utstyr.

Turar fredag

Tur med lokalkjend førar

Vil du bli med til den beste snøen? Ut på tur med ein stødig, trygg og lokalkjend førar? Da er dette turen for deg. Vi har det ikkje travelt på tur, men søker å finne kvar det er best skikøyring. Er det vêr og føre for det, dreg vi innom ein topp. NB! Det er godt mogleg turen går same plass fredag og laurdag.
Pris: kr. 850,-

Skileik med Haglöfs

Klar for ein leiken tur med leikne skiambassadørar frå Haglöfs? Tør du prøve deg på ein salto, eit dropp, eller andre sprell som kan krydre skiturane dine framover? Bli med på Haglöfs-tur. Med på turen er også ein lokalkjend førar.
Pris: kr. 850,-

Skiflyt - bli ein betre skikøyrar

Er du klar for å ta skikøyringa di til eit høgare nivå? Litt fersk på randonee og lysten på fleire tips til både opp- og nedturen? På denne turen er det fokus på smarte val. Vi leiter fram dei beste snøforholda slik at du kan få med deg både god læring, grunnleggjande køyretips og praktiske triks.
Pris: kr. 850,-

Turar laurdag