Program 2025
Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, god mat, foredrag og fest! Nytt for året er badstue utanfor Norsk fjellsenter, for å varme opp frosne turskrottar.
TORSDAG
19-23 / OPE HUS PÅ NORSK FJELLSENTER
Registrering og ope hus på Norsk fjellsenter.
19-23 / KVALIFISERING SKIJUMP
Høgteknologisk skikonkurranse for alle som vil. Finale laurdag kveld.
21.00 / SAMLING MED TURINFO
Samling på Norsk fjellsenter med informasjon om skiturane fredag.
FOTOKONKURRANSE
Hugs #lomskifestival under festivalen. Rykta seier det blir knallfine premiar og gode sjansar for å vinne med dei beste skifestivalbilda i år.
FREDAG
FRÅ 08.00 / NORSK FJELLSENTER OPNAR
… og vi serverer morgonkaffi.
HEILE DAGEN / KVALIFISERING SKIJUMP
Høgteknologisk skikonkurranse for alle som vil. Finale laurdag kveld.
08.30 / SAMLING
Vi samlast i turgruppene saman med guiden.
09.00 / UT PÅ TUR
Guida turar med avreise frå Norsk fjellsenter. Les om dei guida turane her.
FOTOKONKURRANSE
Hugs #lomskifestival
15.00 / BÅLKOS OG ETTERTURING
Etter dagens tur samlast vi på Norsk fjellsenter til bålkos og etterturing.
15.00 / VARM DEG I BADSTUA
Treng du å få i deg varmen etter dagens utflukt? Ta ein tur i badstua utanfor fjellsenteret! (den står her fredag og laurdag) Er vi heldige med vêret kan du rulle deg i snøen når du blir for heit i toppen.
17.00 / OPE UTSTILLING
Sjå dei sensasjonelle fonnefunna og dei meir enn tusen år gamle skia som har smelta fram frå Lendbreen i Breheimen i utstillinga på Norsk fjellsenter.
17.00-19.00 / MIDDAG
Grjotheim gardsmat fyrer opp grillen og serverer reinsburger (stuttreist og frittgåande rein) med glasert lauk, sjampinjong og tytingrumme. Kjøttfritt alternativ for dei som ynskjer det. Måltidet er inkludert i festivalpasset.
18.00-19.00 / ØLSMAKING
Med Jo Jordet frå Lom bryggeri.
19.00 / OFFISIELL OPNING
Etter ein vinter i festivaldvale gler vi oss meir enn nokon gong til å feire sesongstart med skiglade likesinna. Vi lovar ein pangstart på helga!
19.30 / TURINFO
Vi samlast og går gjennom morgondagens turar, samt turtips til dei som vil gå på eiga hand.
20.00 / FOREDRAG OM BADSTUKULTUR
“Badstufolk” med forfattar og badstuentusiast Knut Lerhol.
21.00 / PAUSE
21.30-24.00 / KVISS OG KVELDSHYGGE
Vi deler inn i lag og leikar oss gjennom historia si fjerde Lom skifestival-kviss.
LAURDAG
FRÅ 08.00 / NORSK FJELLSENTER OPNAR
… med morgonkaffi og fyr i peisen.
08.00-18.00/ KVALIFISERING SKIJUMP
Høgteknologisk skikonkurranse for alle som vil. Finale laurdag kveld.
08.30 / SAMLING
Vi samlast i turgruppene saman med guiden.
09.00 / UT PÅ TUR
Felles avreise frå Norsk fjellsenter. Les meir og kjøp plass på guida tur.
16-20 / BÅLKOS OG ETTERTURING
Vi samlast på Norsk fjellsenter for bålkos og etterturing. Sal av drikke.
16.00 / VARM DEG I BADSTUA
Treng du å få i deg varmen etter dagens utflukt? Ta ein tur i badstua utanfor fjellsenteret! (den står her fredag og laurdag) Er vi heldige med vêret kan du rulle deg i snøen når du blir for heit i toppen.
19.00–19.30 / FINALE I SKIJUMP
Er du kveldens råkøyrar? Eksklusive Lomspremiar til vinnarane.
19.30 / PREMIEUTDELING FOTOKONKURRANSE
Dei beste festival- og turbilda blir kåra. Er det du som vinn ein av dei knallfine premiane frå sponsorane våre?
20.00-01.30 / FESTIVALMIDDAG
Vi flyttar oss over til Nordal turistsenter, eit steinkast frå Norsk fjellsenter. Her blir det servert mat i toppklasse, god drikke og lokal dessert.
SØNDAG
UT PÅ TUR? Nokon vil sove ut eller sitte ved peisen med ein kopp kaffi. Andre vil prøve seg på Skijump, eller koma seg ut på tur i dag igjen, og nokon vender skia heim. Norsk fjellsenter har ope utover formiddagen, men arrangerer ikkje guida turar denne dagen. Rykta seier det er særs god frukost på Fossheim hotell denne søndagen.